Book Local
 Rafting Grad 4 på Voss
Voss Active AS

Rafting Grad 4 på Voss

Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spennande, morosamt – og passar for nybyrjarar så vel som erfarne! 

Vanskelighetsgrad Medium
Alder 15+ år
Varighet 4h
Pris fra 1 276 NOK

Om opplevelsen

Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spennande, morosamt – og passar for nybyrjarar så vel som erfarne! 

Rafting er den mest populære sommaraktiviteten på Voss! Spennande, morosamt – og passar for nybyrjarar så vel som erfarne!

 

Vasstanden avgjer om vi raftar i Strandaelva eller Raundalselva. Begge held topp internasjonal klasse, og vi garanterer ei fantastisk oppleving.

 

Strandaelva: Grad 3-4+, ca. 8 km. Ein klassikar! Dette er den mest vanlege turen vår, med ni spektakulære stryk og mange vakre seksjonar. Sidan elva har rolegare parti mellom dei store stryka, er graderinga relativt låg samanlikna med storleiken på stryka, og du får verkeleg valuta for pengane!

 

Raundalselva: Grad 3-4+, ca. 7 km. Vi nyttar denne elva når Strandaelva er for låg, vanlegvis i månadane august og september. Raundalselva går gjennom eit vakkert og isolert juv, vekke frå biltrafikk og anna sivilisasjon. Denne elva er krevjande og blir rekna for å vere ei av dei mest tekniske i Norge, men samstundes ei av dei vakraste!

Tilleggsinformasjon

Krav

  • 15år i løpet av året
  • Normal fysisk helse
  • Må kunne symje
  • Ikkje påverka av rusmiddel
  • Viss du har astma, epilepsi, eller liknande, ring oss for informasjon

Varigheit

  • Ca. 3–4 timar totalt
  • Ca. 1,5–2 timar på elva

Inkludert

  • Alt utstyr
  • Forfriskingar

Ta med

  • Badetøy
  • Handkle
  • Ei langerma undertrøye i ull for kjølige dagar

Levert av

Voss Active AS

Pris fra

1 276 NOK
Vaksen 1 595 NOK
Student / under 18år 1 276 NOK

Praktisk info

Varighet
4 timer
Vanskelighetsgrad
medium
Minstealder
15 år
Maks deltakere
18
Sted
Voss Active Base, Western Norway

Avgangstider

10:00 og 15:00

Viktig informasjon

Generelle vilkår

  • Voss Active AS tar atterhald om endring eller kansellering av arrangement grunna vasstand eller vêrtilhøve.
  • Turar kan verte kansellerte eller flytta om vi ikkje har mange nok gjestar påmeldt til å gjennomføre aktiviteten.
  • Dersom Voss Active AS kansellerer, skal vi tilby alternativ aktivitet om mogleg. Kunden kan velje å trekkje seg frå bestillinga og vi refunderer 100%
  • Deltakarar er sjølv pliktige til å innhente informasjon om våre aldersgrenser, krav til fysisk helse osv.
  • Mindre justeringar i tal kostnadsfritt inntil 24 timar før innsjekking, men ver snill og hald oss fortløpande oppdatert.
  • Det vert kravd betaling for bestilte plassar som ikkje vert nytta!


Les våre fullstendig Bookingvilkår

Oppmøtested

Nedkvitnesvegen 25, 5710, Skulestadmo

Voss Active Base, Western Norway

Bilder fra turen

Glimt fra tidligere ekspedisjoner

Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image