Fossrapellering
Utstyrt med klatresele, våtdrakt og hjelm får du rappellere ned den 100 meter høge og svært spektakulære Skjervsfossen i to etappar.
Om opplevelsen
Utstyrt med klatresele, våtdrakt og hjelm får du rappellere ned den 100 meter høge og svært spektakulære Skjervsfossen i to etappar.
Utstyrt med klatresele, våtdrakt og hjelm får du rappellere ned den 90 meter høge og svært spektakulære Skjervsfossen i to etappar. Anten du elskar eller hatar høgde, så set det garantert fart på hjartepumpa å fire seg ned ved sida av denne kraftfulle fossen!
Instruktøren gir informasjon om tryggleik og instruerer i riktig bruk av utstyret. Sjølv om du sjølv kontrollerer nedstiginga, vil du vere sikra gjennom eit tryggleikssystem og kontrollert av ein guide.
Nedstiginga består av to avsatsar: Fyrste rappellen på 20 meter er ei oppvarming der du trener på rett teknikk. Neste rappell er på 70 meter, og ved normal vasstand passerer du berre få meter frå fossefallet og får som regel ein real dusj. Det fallande vatnet skapar turbulens og vindar. Til slutt når du bakken og endar opp i bassenget rett under fossen. Her blir det forfriskingar, før ein til slutt hoppar i bussen og køyrer tilbake til raftingsenteret for varm dusj og omkleding. Du treng ikkje tidlegare klatreerfaring, men dersom du har høgdeskrekk er kanskje ikkje dette aktiviteten for deg.
Tilleggsinformasjon
Krav
- 15år i løpet av året
- Normal fysisk helse
- Ikkje påverka av rusmiddel
- Viss du har astma, epilepsi, eller liknande, ring oss for informasjon
Varigheit
- Ca. 3–4 timar totalt (avhengig av storleiken på gruppa)
Inkludert
- Alt utstyr
- Forfriskingar
Ta med
- Badetøy
- Handkle
- Ei langerma undertrøye i ull for kjølige dagar
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 4 timer
- Vanskelighetsgrad
- hard
- Minstealder
- 18 år
- Maks deltakere
- 7
- Sted
- Voss Active Base, Western Norway
Avgangstider
Viktig informasjon
Generelle vilkår
Voss Active AS tar atterhald om endring eller kansellering av arrangement grunna vasstand eller vêrtilhøve.
Turar kan verte kansellerte eller flytta om vi ikkje har mange nok gjestar påmeldt til å gjennomføre aktiviteten.
Dersom Voss Active AS kansellerer, skal vi tilby alternativ aktivitet om mogleg. Kunden kan velje å trekkje seg frå bestillinga og vi refunderer 100%.
Deltakarar er sjølv pliktige til å innhente informasjon om våre aldersgrenser, krav til fysisk helse osv.
Mindre justeringar i tal kostnadsfritt inntil 24 timar før innsjekking, men ver snill og hald oss fortløpande oppdatert.
Det vert kravd betaling for bestilte plassar som ikkje vert nytta!
Oppmøtested
Nedkvitnesvegen 25, 5710, Skulestadmo
Voss Active Base, Western Norway
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner