Osafjord RIB-safari frå Ulvik
Frå Ulvik og Hardangerbrua til veglause grender, fossar og stillheit djupt inne i Osafjorden.
Om opplevelsen
Frå Ulvik og Hardangerbrua til veglause grender, fossar og stillheit djupt inne i Osafjorden.
Denne RIB-turen tek deg frå Ulvik og inn i Osafjorden – ein variert og historisk fjordarm der veglause grender, fossefall og gamle gardsbruk ligg tett på fjorden. Turen er lagt opp slik at du får oppleva både ope fjordlandskap og meir skjerma fjordnatur, med tydelege kontrastar undervegs.
Me startar i Ulvik og køyrer utover Hardangerfjorden i retning Hardangerbrua, den lengste hengebrua i Noreg og eit markant landemerke i fjordlandskapet. Etter å ha passert under brua, dreier me attende inn i Osafjorden frå hovudfjorden og held fram langs den austre, veglause delen av fjorden – eit område som berre kan opplevast frå sjøen.
Undervegs passerer me den gamle grenda Bagnstrondi, det mektige fossefallet Døgro, som stuper ned mot fjorden, og den fråflytta garden Sygnestveit. Guiden fortel om livet langs fjorden, der sjøvegen var einaste ferdselsåre, og om korleis menneska levde tett på naturen gjennom generasjonar.
Osafjorden skiftar uttrykk med årstidene. Om våren og etter regn er fossane på sitt kraftigaste. På stille sommardagar ligg fjorden open og roleg, medan hausten byr på klårt lys og sterke fargar. Turen vert tilpassa forholda, og me gjer fleire stopp slik at du får tid til å ta inn landskapet, stillheita og historia.
Turen gjev ein god balanse mellom fart og ro. På opne strekk får du kjenna RIB-en sine krefter, medan me tek oss god tid langs den veglause delen av fjorden – der stemninga og detaljane får stå i sentrum.
Tilleggsinformasjon
Praktisk informasjon:
Dette er ein fartsfylt, men trygg fjordsafari i open RIB-båt. Våre erfarne, lokale guidar prioriterer tryggleik og gjev grundig sikkerheitsbrief før avgang.
Som open båt vil du kjenna vêret. Kle deg etter forholda for ein komfortabel og god oppleving.
Inkludert:
- Isolerte, vind- og vassavstøytande flytedrakter (barn 128–164 cm, vaksne XS–XXL)
- Redningsvestar
- Goggles
- Hanskar
- Lue
Tilrådd klesbruk:
- Vindtette og varme sko på kjølege dagar
- Varme lag under flytedrakta
- Hals/buff og varme hanskar på kjølege dagar
- Solbriller og solkrem i fint vêr
Viktige avgrensingar:
- Ikkje tilrådd for gjester med rygg- eller nakkeplager
- Ikkje tilrådd for gravide (over 3 månader)
Transport og parkering:
- Offentleg transport: Buss 945 (overgang frå buss 990 frå Odda/Voss)
- Parkering: Gratis parkering ved hotellet
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 1 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 5 år
- Maks deltakere
- 12
- Sted
- Ulvik, Vestland
Avgangstider
Daglege turar i høgsesong (20. juni – 23. august) og ved cruiseanløp i Ulvik.
Private turar på førespurnad april-november
Oppmøtested
I lobby på Brakanes Hotel
Ulvik, Vestland
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner