Hardangerfjord ultimate RIB-safari frå Ulvik
To kontrastfylte fjordarmar, veglause bygder og storslått natur – den mest innhaldsrike RIB-opplevinga frå Ulvik.
Om opplevelsen
To kontrastfylte fjordarmar, veglause bygder og storslått natur – den mest innhaldsrike RIB-opplevinga frå Ulvik.
Dette er den mest komplette RIB-safarien frå Ulvik – ein lengre og meir variert fjordtur som tek deg gjennom både opne fjordlandskap og smale, skjerma fjordarmar djupt inne i Hardangerfjorden.
Me startar i Ulvik og køyrer utover Hardangerfjorden mot Hardangerbrua, den lengste hengebrua i Noreg og eit markant landemerke i fjordlandskapet. Herifrå går ferda vidare inn Simadalsfjorden ved Eidfjord – ein dramatisk fjordarm med bratte fjellsider, fossar og eit landskap som ber preg av både naturkrefter og menneskeleg tilpassing.
Deretter set me kursen vidare inn i Osafjorden, ein 13 kilometer lang og smal fjordarm der vegen tek slutt og sjøen har vore livsnerven i generasjonar. Undervegs passerer me gamle, veglause fjordgrender og fråflytta gardar, der stillheita og landskapet fortel historia om eit liv tett på fjorden.
Turen har fleire stopp undervegs, slik at du får tid til å ta inn kontrastane, fotografera og oppleva roen. Guiden deler lokale forteljingar om natur, historie og kvardagsliv langs fjorden. Med litt flaks kan me òg sjå sel, nise eller havørn.
Dette er ein tur med god balanse mellom fart og ro. På opne strekk får du kjenna RIB-en sine krefter, medan me tek oss god tid inne i fjordarmane – der detaljane, stillheita og stemninga får stå i sentrum.
Tilleggsinformasjon
Dette er ein fartsfylt, men trygg fjordsafari i open RIB-båt. Våre erfarne, lokale guidar prioriterer tryggleik og gjev grundig sikkerheitsbrief før avgang.
Som open båt vil du kjenna vêret. Kle deg etter forholda for ein komfortabel og god oppleving.
Inkludert:
- Isolerte, vind- og vassavstøytande flytedrakter (barn 128–164 cm, vaksne XS–XXL)
- Redningsvestar
- Goggles
- Hanskar
- Lue
Tilrådd klesbruk:
- Vindtette og varme sko på kjølege dagar
- Varme lag under flytedrakta
- Hals/buff og varme hanskar på kjølege dagar
- Solbriller og solkrem i fint vêr
Viktige avgrensingar:
- Ikkje tilrådd for gjester med rygg- eller nakkeplager
- Ikkje tilrådd for gravide (over 3 månader)
Transport og parkering:
- Offentleg transport: Buss 945 (overgang frå buss 990 frå Odda/Voss)
- Parkering: Gratis parkering ved hotellet
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 1 timer 45 min
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 5 år
- Maks deltakere
- 12
- Sted
- Ulvik, Vestland
Avgangstider
Daglege turar mai-september.
Privat turar på førespurnad april-november!
Oppmøtested
I lobby på Brakanes Hotel
Ulvik, Vestland
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner