Hardangerfjord RIB-eventyr frå Øystese
Ei privat og skreddarsydd fjordoppleving til den veglause fjordarmen Fyksesund.
Om opplevelsen
Ei privat og skreddarsydd fjordoppleving til den veglause fjordarmen Fyksesund.
Dette er ei privat RIB-oppleving for dykk som ønskjer ro, rom og tid – utan andre gjester om bord. Turen vert gjennomført på førespurnad og tilpassa dykkar ønskje, vêr og sesong.
Frå Øystese set me kursen ut i Hardangerfjorden og køyrer forbi fleire små øyar og holmar som ligg spreidde i fjorden. Derfrå held me fram innover mot Fyksesund – den einaste fjordarmen i Hardangerfjorden utan veg heilt inn. Når fjorden smalnar, reiser fjellsidene seg bratt, tempoet vert rolegare, og stilla tek over.
I inste delen av fjorden stoppar me utanfor Botnen – den veglause grenda som gjev turen eit særeige historisk og menneskeleg perspektiv. På dagar med snøsmelting eller regn kjem fossane til sin rett. Me køyrer heilt innpå fleire av dei, slik at de kan kjenna fossesprøyten på nært hald.
Dette er ei oppleving for dykk som set pris på personleg vertskap, fleksibilitet og høg kvalitet – og som ønskjer å oppleva Hardangerfjorden utan støy og hastverk.
Tilleggsinformasjon
Praktisk informasjon:
Turen vert køyrd av lokal og erfaren kaptein. Rute og varigheit vert tilpassa dykk. Dette er ei open RIB-oppleving, og rett påkledning er viktig.
Inkludert:
- Isolerte, vind- og vassavstøytande flytedrakter (barn 128–164 cm, vaksne XS–XXL)
- Redningsvestar
- Goggles
- Hanskar
- Lue
Tilrådd klesbruk:
- Vindtette og varme sko på kjølege dagar
- Varme lag under flytedrakta
- Hals/buff og varme hanskar på kjølege dagar
- Solbriller og solkrem i fint vêr
Viktige avgrensingar:
- Ikkje tilrådd for gjester med rygg- eller nakkeplager
- Ikkje tilrådd for gravide (over 3 månader)
Transport og parkering:
- Kollektivtransport: Buss 925 frå Bergen eller Voss (ca. 80–90 min)
- Parkering: Gratis parkering ved oppmøtestaden.
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 1 timer 30 min
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 5 år
- Maks deltakere
- 12
- Sted
- Øystese, Vestland
Avgangstider
Private turar på førespurnad heile året!
Oppmøtested
I lobby på Hardangerfjord Hotel
Øystese, Vestland
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner