Fyksesund RIB safari frå Øystese
Opplev den smale og veglause fjordarmen Fyksesund – ei stille og dramatisk side av Hardangerfjorden.
Om opplevelsen
Opplev den smale og veglause fjordarmen Fyksesund – ei stille og dramatisk side av Hardangerfjorden.
Opplev ein RIB-tur inn i den einaste fjordarmen i Hardangerfjorden utan veg heilt inn. Frå Øystese tek me dykk først ut i hovudfjorden før me set kursen inn i Fyksesund – ein smal, stille og dramatisk fjordarm omkransa av stupbratte fjellsider.
Dei inste kilometrane av fjorden kjennest nesten urørte. Her er det lite støy og få inngrep, og landskapet gjev ei sterk kjensle av ro. Undervegs gjer den lokale kapteinen fleire stopp slik at de får tid til å ta inn omgjevnadene og høyra korte forteljingar om naturen, fjorden og livet som ein gong var levd langs strendene.
Fyksesund er særleg imponerande under snøsmeltinga og på regnversdagar, når utallige fossar renn ned fjellsidene. Me køyrer heilt innpå fleire av dei, slik at de kan kjenna fossesprøyten på nært hald.
I enden av fjordarmen stoppar me utanfor Botnen – den veglause grenda som gjev turen eit særeige historisk perspektiv og eit innblikk i eit liv tett knytt til fjorden.
Tilleggsinformasjon
Praktisk informasjon:
Dette er ein fartsfylt, men trygg fjordsafari i open RIB-båt. Våre erfarne, lokale guidar prioriterer tryggleik og gjev grundig sikkerheitsbrief før avgang.
Som open båt vil du kjenna vêret. Kle deg etter forholda for ein komfortabel og god oppleving.
Inkludert:
- Isolerte, vind- og vassavstøytande flytedrakter (barn 128–164 cm, vaksne XS–XXL)
- Redningsvestar
- Goggles
- Hanskar
- Lue
Tilrådd klesbruk:
- Vindtette og varme sko på kjølege dagar
- Varme lag under flytedrakta
- Hals/buff og varme hanskar på kjølege dagar
- Solbriller og solkrem i fint vêr
Viktige avgrensingar:
- Ikkje tilrådd for gjester med rygg- eller nakkeplager
- Ikkje tilrådd for gravide (over 3 månader)
Transport og parkering:
- Kollektivtransport: Buss 925 frå Bergen eller Voss (ca. 80–90 min)
- Parkering: Gratis parkering ved oppmøtestaden.
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 1 timer
- Vanskelighetsgrad
- easy
- Minstealder
- 5 år
- Maks deltakere
- 12
- Sted
- Øystese, Vestland
Avgangstider
Daglege turar mai–september!
Utover dette tilbys private turar på førespurnad
Oppmøtested
I lobby på Hardangerfjord Hotel
Øystese, Vestland
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner