Fjordsafari & fottur frå Norheimsund
Ei privat fjordoppleving inn i den veglause fjordarmen Fyksesund, med roleg RIB-ferd og guida fottur til eit bortgøymt utsiktspunkt over fjorden.
Om opplevelsen
Ei privat fjordoppleving inn i den veglause fjordarmen Fyksesund, med roleg RIB-ferd og guida fottur til eit bortgøymt utsiktspunkt over fjorden.
Dette er ei privat og eksklusiv RIB- og fotturoppleving, gjennomført berre for dykk. Turen følgjer ein fast struktur og rute, med landing i den veglause grenda Botnen og guida fottur til utsiktspunktet Furehaugen. Opplevinga vert køyrd på førespurnad og held eit roleg, gjennomtenkt tempo.
Frå Norheimsund går ferda ut i Hardangerfjorden før me set kursen innover i Fyksesund – den smalaste og mest dramatiske fjordarmen i området, og den einaste utan veg heilt inn. Når fjorden smalnar, reiser fjellsidene seg bratt rett opp frå sjøen, og kjensla av å vera langt borte frå det moderne tek over.
Undervegs kan fart, tempo, fotostopp og tidsbruk på utvalde punkt tilpassast innanfor ramma av turen. Kapteinen og guiden tek seg god tid til formidling om landskapet, dei tidlegare busetnadene og livet langs fjorden. På dagar med snøsmelting eller regn kjem fossane til sin rett, og me køyrer heilt innpå slik at de kan kjenna fossesprøyten.
I inste delen av fjorden går me i land i Botnen, ei geografisk isolert og veglaus grend forma av natur, historie og sjølvberging. Svært få finn vegen hit. Fotturen i Botnen er verkeleg off the beaten path, og vert nesten berre brukt av dei som er med oss på denne turen. Her er det inga gjennomgangstrafikk, ingen folkemengder og inga tilrettelagd turistløype.
Den guida fotturen går langs grusveg og sti (om lag 2 km kvar veg) og fører fram til utsiktspunktet Furehaugen, 180 meter over havet. Her opnar fjorden seg rett under dykk, med utsyn djupt inn i Fyksesund og over husa i Botnen.
På toppen tek me ein liten pause. Me serverer lokalprodusert drikke og lett snacks, og gjev dykk tid til å kvila, ta bilete og ta inn stilla og landskapet. Denne pausen er ein naturleg del av opplevinga og understrekar den rolege, kvalitetsretta karakteren på turen.
Etter pausen går me roleg ned att til fjorden og set kursen utover i RIB-en, i eit tempo som let landskapet styra ferda.
Dette er ei oppleving for dykk som set pris på ro, ekte natur, personleg vertskap og høg kvalitet, og som ønskjer å oppleva Hardangerfjorden langt utanfor dei vanlege rutene.
Tilleggsinformasjon
Turen vert leia av lokal og erfaren kaptein og guide. Rute og hovudinnhald er fastsett, medan
fart, stopp og tempo vert tilpassa innanfor turen si ramme. Dette er ei open RIB-oppleving, og rett påkledning er viktig.
Inkludert
- Isolerte, vind- og vassavstøytande flytedrakter (barn 128–164 cm, vaksne XS–XXL)
- Redningsvest
- Goggles
- Neoprenhanskar
- Lue
- Lokalprodusert drikke og lett snacks på utsiktspunktet
Tilrådd klesbruk
- Sko eller hikingsko tilpassa vêr (varme og vindtette på kjølege dagar, vasstette i regn)
- Varme lag under flytedrakta
- Hals/buff og varme hanskar på kjølege dagar
- Solbriller og solkrem i fint vêr
Viktige avgrensingar
- Ikkje tilrådd for gjester med rygg- eller nakkeplager
- Ikkje eigna for gravide (over 3 månader)
Transport og parkering
- Kollektivtransport: Buss 925 frå Bergen eller Voss (ca. 80–90 minutt)
- Parkering: Gratis parkering ved oppmøtestaden
Levert av
Pris fra
Praktisk info
- Varighet
- 4 timer
- Vanskelighetsgrad
- medium
- Minstealder
- 8 år
- Maks deltakere
- 12
- Sted
- Norheimsund, Vestland
Avgangstider
Private turar på førespurnad I perioden mai-oktober.
Avgang frå Thon Hotel Sandven.
Oppmøtested
I lobby på Thon Hotel Sandven
Norheimsund, Vestland
Bilder fra turen
Glimt fra tidligere ekspedisjoner