Book Local
Fjord & akvakultur RIB-safari frå Øystese
Hardangerfjord Adventure

Fjord & akvakultur RIB-safari frå Øystese

Spektakulær privat RIB-tur i vakre Hardangerfjorden der du får innsikt i lokal akvakultur og lakseproduksjon – ei unik oppleving frå fjord til bord.

Vanskelighetsgrad Easy
Alder 5+ år
Varighet 3h
Pris fra 16 000 NOK

Om opplevelsen

Spektakulær privat RIB-tur i vakre Hardangerfjorden der du får innsikt i lokal akvakultur og lakseproduksjon – ei unik oppleving frå fjord til bord.

Ei privat reise inn i den bortgøymde sida av Hardangerfjorden – frå urørt natur til innsikt frå fjord til bord. Turen tek dykk inn i den tronge, veglause fjordarmen Fyksesund – ein av dei mest fredfulle og autentiske delane av Hardangerfjorden. Her kombinerer me roleg fjordcruise (med eit lite adrenalin-kick undervegs) og eksklusiv lokal kunnskap om norsk oppdrettsnæring, toppa med smakar frå Hardanger.


Frå Øystese startar me ut hovudfjorden i god fart før vi svingar innover i stille Fyksesund. Fjorden smalnar, fjella reiser seg bratt på begge sider, og ein kjenner kor roleg og mektig naturen her er. Fyksesund er einaste fjordarm i Hardanger utan veg langs innsida, og landskapet er så godt som urørt av moderne infrastruktur. Undervegs blir det nokre spreke RIB-svingar og fotostopp – erfarne lokale førarar syter for trygg og morosam ferd.


Inst i Fyksesund stoppar me utanfor den veglause grenda Botnen. Her ligg historia i veggane – ei påminning om eit fjordliv som nesten har gått tapt.


På tilbaketuren går de i land ved Lingalaks Akvasenter, eit visningssenter for lakseoppdrett. Her får de ei privat omvising som følger laksen si reise frå rogn til matfisk. De lærer om berekraftig havbruk, fiskevelferd og moderne teknologi – og kvifor Hardangerfjorden er ein ideell stad for lakseoppdrett. Guiden vår, som sjølv er lokal, deler gjerne av sin kunnskap og svarar på spørsmåla de måtte ha.


Opplevinga blir avrunda med ein smakfull buffet av lokale lakserettar, servert med forfriskande Hardanger-eplemost eller prisvinnande sider frå Hardanger. Ei avslutting i roleg tempo der natur, kunnskap og smak smeltar saman – og de får nyta resultatet av fjorden sine ressursar.

Tilleggsinformasjon

Praktisk informasjon:

Våre RIB-turar vert leia av erfarne lokale guidar som prioriterer både tryggleik og moro, og som sørgjer for ei trygg og spennande oppleving. Båten har komfortable salsete i to rekkjer og har plass til opptil 12 passasjerar.


I ein open båt får du verkeleg kjenne naturkreftene på nært hald, så det er viktig å kle seg riktig for å få ei behageleg oppleving.


Inkludert:

  • Guidet RIB-tur
  • Guidet omvisning oppdrettsanlegg for laks¨
  • Smaking av 3 ulike lakseretter med 1 glass Hardangersider til
  • Flytedrassar (tilgjengeleg i barnestorleik 128–164 cm og vaksne XS–XXL)
  • Redningsvesta
  • Goggles
  • Neoprenhanskar
  • Lue


Anbefalt bekledning:

  • Sko eller støvlar etter vêrforholda (vind- og varme sko for kalde dagar, vass-tette sko for regnvêrsdagar)
  • Varme lag å ha under flytedrakta
  • Buff/hals og varme hanskar/vottar for kjølige dagar
  • Vasstette hanskar for regnvêrsdagar
  • Solbriller for solrike dagar


Viktige avgrensingar:

  • Ikkje anbefalt for personar med ryggproblem
  • Ikkje eigna for gravide (over 3 månader)


Transport og parkering:

  • Offentleg transport: Buss 925 frå Bergen eller Voss (ca. 90 minutt)
  • Parkering: Gratis parkering ved møteplassen


Levert av

Hardangerfjord Adventure

Pris fra

16 000 NOK
Privat gruppe (1-12pax) 16 000 NOK

Praktisk info

Varighet
3 timer
Vanskelighetsgrad
easy
Minstealder
5 år
Maks deltakere
12
Sted
Øystese, Vestland

Avgangstider

Private turar på førespurnad I perioden april-november.

Avgang frå Hardangerfjord Hotel.

Oppmøtested

Hardangerfjordvegen 615

Øystese, Vestland

Bilder fra turen

Glimt fra tidligere ekspedisjoner

Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image Gallery image